FAGERNES YACHT KLUBB // LUTTPRISEN

Arrangementsinformasjon

Laurdag 20. januar blir det dobbel moro på Larris Scene. Vi skal hylle musikkmiljøet i Sogn og Fjordane med utdeling av Luttprisen der blant andre Kjartan Lauritzen, Sigrid Moldestad, Vilde & Anna, Elida Høgalmen og Andrea Santiago skal framføre låtar. Ronny Brede Aase er programleiar. Direktesendt både på radio og nett-tv.

OBS! På grunn av direktesending er det viktig at publikum er på plass i salen seinast 1945.

Til å dele ut prisar kjem mellom andre Iselin Solheim, Oselie Henden, Alexander Pavelich, Andrea Santiago og Atle Bredal.

Endeleg kjem også Fagernes Yacht Klubb til Førde for å skape legendarisk stemning. Dette vert ein fest du ikkje vil gå glipp av.

Aldersgrense 18 år
Billett på førehand: www.t...icketco.no kr 399,-
Billett i dør kr 450,-

Pakkeprisar middag/overnatting på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa.

Prisar laurdag-søndag: Enkeltrom kr 1590,- Dobbeltrom 1290 p.p. Inkludert billett, middag og overnatting.
Pakke middag og billett kr 790,-


FAGERNES YACHT KLUBB
Fagernes Yacht Klubb kastar loss på Larris scene og lovar legendarisk stemning, svette, eufori og oppblåsbare gjenstandar i fri flyt over publikum.

Sommaren 2010 hadde ein gjeng indiemusikarar frå Bergen eit ønske om å ta fram sin indre matros. Samla av ein felles kjærleik til Michael McDonald, Steely Dan, Hall & Oates og Toto har dei skapt legendariske kveldar på Revolver, Parkteatret, Rockefeller, Sentrum Scene, Kvarteret og USF Verftet i Bergen.
Sidan 2013 har Fagernes Yacht Klubb solgt ut alle sine konsertar i Oslo, sist under Øya i sommar, med eit stappfullt Sentrum Scene. Alle sang med, alle dansa, det fanst ingen grinebitarar og (nesten) alle var einige om at perioden frå 1972-1984 var den epoken der den beste musikken blei skapt.

I Fagernes Yacht Klubb finn du nokon av Norge sine dyktigaste instrumentalistar, samt musikarar fra prosjekt som Hawkon og The New Wine.

Fagernes Yacht Klubb stiller med funky musikk frå det glade 70- og 80-tallet, yacht-drinkar og pynta lokale, du stiller i toppform og gjerne kledd i maritime gevantar!

Don't stop believin' folkens. Det er nothin' you can do about it. Det blir dancing on the ceiling. All night long.


LUTTPRISEN
Det blir ein storslått festkveld når musikkmiljøet i Sogn og Fjordane skal hyllast. Saman med dei største artistane i fylket kan du vere med på festen! På scena står blant andre Ronny Brede Aase, Sigrid Moldestad og Kjartan Lauritzen!

Det skal delast ut følgjande prisar på årets utdeling:
Årets artist
Årets talent

Programmet blir sendt live på NRK nett-tv og radio.

Tider:
19.00: Dørene opnar (Alle må vere inne 1945)
20.00: Luttprisen (Presis start!!)
ca 22.30: Fagernes Yacht Klubb

Restriksjoner

Aldersgrense 18 år.

Ansvarsfraskrivelse

Tapt billett vert ikkje refundert.