page view image

KONSERT MED LEAH // LIVE LARRIS SCENE // LAURDAG 1. MARS

Informasjon
event image

LAURDAG 1. MARS 

KONSERT MED LEAH // SUPPORT: SOLITUDE

Billettpris kr 299,-  // kr 249,- (student)

Dørene opnar kl 1930 // Konsertstart kl 2030 // 

Ståande konsert. // Aldersgrense 18 år.

 

LEAH er et jazzpopband bestående av seks unge og dyktige musikere med base i Oslo. Med krysning mellom jazz, pop og soul, er musikken leken og dansbar med fengende hooks og med en energi som fort kan både gi nakkesleng og hofteprolaps, uansett aldersgruppe .

BESETNING: Tevje Fjugstad Flaate Leah Engevold Halvor Dokke Henrik Bakka Kristina Fransson Emil Bø


Support SOLITUDE :

Sjølv om Solitude er eit relativt ferskt band, har dei allereie gjort seg godt bemerka både lokalt og utanfor kommunegrensene. Bandet høyrer heime i den vakre kystkommmunen Solund. Dei fire starta samarbeidet i januar 2024, og har på kort tid markert seg på rockescena. 


Solitude har trøkt til med hardrock både under Solundfest og UKM Vestland, i tillegg til å hatt fleire speleoppdrag, dessutan ein ventande spelejobb i Oslo i april.


Stilmessig ligg dei i landskapet mellom Metallica, Iron Maiden og Judas Priest.

Sidan hausten 2024 har Solitude vore med i det regionale programmet «Fordjuping Ung Vestland». Her samarbeidar dei med slagverkar, bandcoach og produsent Gavin Vaughan, og har begynt å skrive eigne låtar. 

Rockemiljøet har med andre ord noko å sjå fram til i framtida!


Isak Høyesen (16 år, gitar og vokal)

Linus Sundal (16 år, gitar og vokal)

Lukas Niesar (13 år, bass)

Sebastian Arnes (16 år, trommer)



Restriksjoner

ID 18 år

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpt billett refunderast ikkje.