Konsert Thea Hjelmeland

Arrangementsinformasjon

Fredag 19 oktober:  Konsert med Thea Hjelmeland.

- Dørene opnar kl. 20:30
 - Konsertstart kl.. 21:30
 - Bill. kr. 349,- / kr. 299,- (studentar)
- Aldersgrense 20 år.

Thea  Hjelmeland  slepp  ny  singel  og  turné. 

Etter braksuksess, Spellemannpris og ein pause rå rampelyset, slepp Thea Hjelmeland  no  dei  første  konsertdatoane til sin  Noregsturné, og første smakebit frå den komande  plata.  

Singelen  «Pleasure»  tek  oss  med  på  ei  reise  gjennom  Thea  sitt  draumande  pop-landskap,  der  humor  og  tekst  står  i  fokus  denne  gongen.  Dette  er  ei  varm  og  intim  sommarlåt,  som  trass  si  avslappande  stemning  trekk  lyttaren  ut  av  komfortsona  med  sine  brutalt  ærlege  og  kleine  skildringar.

Forrige  plata  «Solar  Plexus»  hausta  fantastiske  anmeldingar,  lovord  frå  fleire  kontinent  og  utselde  konsertar.

-  Solar  Plexus  skreiv  eg  for  å  jobbe  meg  målretta  gjennom  og  ut  av  sorga,  der  eg opplevde  å  miste  kjærasten  min  samstundes  som  vi  venta  vårt  første  barn.  Og  sjølv  om  eg følte  eg  hadde  kome  langt  framover,  med  nytt  håp  og  glede  over  livet,  vart  det  å  gje  ut Solar  Plexus  som  å  gå  sorgprosessen  opp  att  på  ny.  Difor  måtte  eg  rett  og  slett  ta  meg  ein liten  pause  då  eg  var  ferdig  med  album-turnéane.  Det  vart  essensielt  for  meg  å  då  kunne skape  den  utfaldinga  eg  ønska  meg;  ei  plate  som  var  lettare  til  sinns  og  som  levde gjennom  humoren  og  ikkje  minst  som  ein  kan  danse  til...  ”Kulla”,  forklarar  Thea

Det  komande  albumet  «Kulla»  er  fylt  til  randen  av  leikne  og  sterke  poplåtar,  som  reflekterar  det  magiske  lydbiletet  Thea  er  kjend  for. På  dette  albumet  får ein  servert  ei  unik  samansetting  av  låtar  og  stemningar,  med  alt  frå det  intime  og  sårbare  til  eit  brutalt  ærleg  skråblikk  som  riv  deg  ut  av  di  eiga  komfortsone.Musikken  er  variert  og  kvar  song  lev  sitt  eige  liv, men  fellesnevnaren  er  djupne og  humor  i  tekstane.

-  Det  ligg  ei  stor  dose  Vestnorsk  sarkasme  i  botn,  gjennom  heile  den  komande  plata,  ”Kulla”.  Denne  gongen  har  eg  nytta  humor  som  eit  brekkjern  for  å  kunne  skrive  historier med  utfordrande  kjensler.  Musikken  er  energisk  og  leiken,  rytmisk  og  melodiøs.  Eg  trengde  noko  å  danse  og  skrike  litt  til  no. Eg  har  leika  meg  fram  til  eit  fornya  uttrykk,  og  vil gjennom  live-konseptet  eg  no  arbeider  med  gje  publikum  ei  annleis  konsertoppleving.  Eg kan  nesten  ikkje  vente  på  få  spele  konsertar  og  møte  publikum  att, utdjupar  Thea. 

Også konsertane til Thea har rulla høge terningkast og gode skussmål, og denne gongen inntar ho ei større rolle som heilheitleg  kunstnar.  Denne  hausten  vil  ein  få servert  ein  konsert-performance  utanom  det  vanlege. Så for å  feire albumsleppet vil Thea legge ut på ein Noregsturné. 





 

Restriksjoner

Aldersgrense 20 år

Ansvarsfraskrivelse

Tapt billett vert ikkje refundert