page view image

ODDNY LIVE @LARRIS SCENE // FREDAG 17/10-25

Informasjon
event image

FREDAG 17. OKTOBER KJEM ODDNY TIL FØRDE OG LARRIS SCENE. 

BILLETTAR KR 349,- ( Ordinær )  // Kr 299,- ( Student ) Kulturkort Førdestudent Kr 175,-

ALDERSGRENSE 18 ÅR.

DOORS KL 2030 // KONSERT KL 2130


ODDNY

Med låtar som “Oktober, Bergen by”, “Barndomsmelodi” og “Bittelitt” har Oddny markert seg som eit vestnorsk unikum i norsk musikkliv. I tillegg til radiosuksessen, ei rekkje utselde konsertar og ei stadig veksande fanskare mottok Oddny Luttprisen 2024 i kategorien Årets Nykommar. I 2025 blei dei nominerte til hovudprisen. 


Oddny har utvikla ein heilt karakteristisk musikalsk sound som dei kombinerer med særeigne tekstar på dialekt. Dei har blitt kjent som eit framifrå liveband og i 2025 besøker Oddny eit drøss små og store scener og festivalar landet rundt!


Bandet har musikalsk hovudkvarter i Gamlahuset i Bremanger, der dei i periodar bur og arbeider saman. Mykje av musikken blir både skrive og spelt inn i dette huset, med trommis og produsent Oliver Igland bak spakane. Oddny gir ut på eigen label, HotWater i samarbeid med MATE/The Orchard. 


Oddny er i framovergir! Dei er utkvilte, bevæpna med ferske plekter og har planane klare! Vil du vere med, så heng på!


Omtale:

Restriksjoner

ID 18 år

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje.