André Ulveseter - Negativ Optimist

Arrangementsinformasjon

ONSDAG 28. MARS: NEGATIV OPTIMIST …eit standupshow av og med André Ulveseter!

- Dørene opnar kl. 20:00
- Bill. kr. 249,- / kr. 199,- (studentar) Bill. i døra kr 299,-
 - Aldersgrense 20 år.
 - Showstart kl 21:00

 Kan like gjerne være optimist – det går jo til helvete uansett.
 Negativ optimist er ein fin betegnelse på André Ulveseter som mislikar mykje, men ofte på ein relativt optimistisk måte. Han tenkjer f.eks. at ein fjelltur kjem til å bli helt forferdeleg, men på den positive sida så kjem den neppe til å ta livet av han. Den kleine samtalen om at «nå må vi ta den kaffien snart» med folk man har eit perifert forhold til, som heldigvis er minst eit år til man har neste gang. Han syns det er noko herk å bli stoppa i tollen, men er glad han stort sett går i pluss. I dette showet får mange gjennomgå, bl.a. syklistar, politikarar, allergikarar – men kanskje mest av alt han sjølv.

 Negativ optimist er eit standupshow med høgt tempo av ein rutinert komikar som har over 20 år bak seg på scena. Éin mann, éin mikrofon – slik det skal være. Showet hadde premiere på Lille Ole Bull i Bergen 16. februar i år, og spilte der for to fulle hus.

 André Ulveseter er nok, til tross for sine 20 år bak seg som komikar, mest kjent for sin Facebook-side og sine to bøker «Bilder i kampen mot særskrivingsfeil», som har over 184 000 følgjarar. Dei siste tre åra har han reist rundt med foredraget «Ett ord» som omhandlar dette temaet, og har gjort over 400 foredrag for skular, firma og opne arrangement. www.facebook.com/ettord

 Negativ optimist er André Ulveseters andre soloshow som standupkomikar. Det første, «Plenum», blei be lønna med ein femmar i Sunnmørsposten med kommentarar som: «Vi bare ler, før vi ler enda mer!», og hausta fine omtalar landet rundt. Førestillinga blei spilt i bl.a. Bergen, Oslo, Stavanger, Ålesund, Bodø m.fl.

Restriksjoner

Aldersgrense 20 år.

Ansvarsfraskrivelse

Tapt billett vert ikkje refundert.