Line Dybedal m/band + gjesteartist Odd Erik Lothe

Evenemangsinformation

Line er kanskje over gjennomsnittet glad i advent og desember, og gledar seg difor veldig til å skape FØRJULSTEMNING på Larris Scene onsdag 4.desember.
Med seg på scena har ho fullt band og ein om lag sjølvskriven gjesteartist; Odd-Erik Lothe.

Perfekt å kombinere med onsdagsjulebord i restaurant Laxen. Pakkepris kr 790,- kontakt oss på tlf 578 34045 for bestilling.


Dørne opnar kl 2030
Konsertstart kl 2100
Billett kr 299,- // Student 249,-

Line Dybedal, tidlegare kjend frå The Pink Robots, gav ut sitt fyrste album på norsk og Nordfjorddialekt i 2016.
Musikksjefen i NRK P1 trilla då talet seks på terningen og meinte artisten hadde laga ein ny sjanger, elektrovise.
Dybedal har vore å høyre på både NRK P1 og NRK P3, med låtar som Et evig ønske, Stille, La oss vere to og
tittellåta til barneTV-serien Bli med heim.
I februar 2019 lanserte Dybedal sitt andre album. Også denne gongen vart det trilla høge tal på terningen.
Artisten er kanskje over gjennomsnittet glad i advent og desember, og gledar seg difor veldig til å skape førjulsstemning på
Larris Scene 4.desemeber.
Med seg på scena har ho ein om lag sjølvskriven gjesteartist; Odd-Erik Lothe.
Odd-Erik starta si karriere med bandet Fabel i 1995 og har sidan gjeve ut fleire album og mange godlåtar som har vore lista
på NRK P1. Han kan også skryte av ein Spellemannsnominasjon!
Stemmene til Odd-Erik Lothe og Line Dybedal utfyller kvarandre i fleire godt kjende duettar.
Odd-Erik med si ru og varme, og Line med si vare og lyse gjev lyttaren ei oppleving av noko nært og ekte.

Restriktioner

Aldersgrense 20 år.

Ansvarsfriskrivning

Tapt billett vert ikkje refundert. Arrangør har rett til å gjere endring i program.