Header image

The Promise a tribute to Bruce Springsteen

Arrangementsinformasjon

Dørene opnar kl 2030 // Konsert kl 2100 // Billett kr 249,- // Aldersgrense 20 år.


“The Promise – a tribute to Springsteen” - Bruce72 tour


Bruce Springsteen. The man. The Legend. The Boss. Han treng ingen nærare introduksjon.
Diverre kjem han ikkje på turnè i 2021, men du kan oppleve Springsteen sin musikk på Larris Scene laurdag 25.september!

«The Promise – a tribute to Springsteen», er eit Bergensbasert 10-manns orkester som vart starta i forkant av Bruce sin 70-årsdag i 2019, då dei fylte ærverdige Ole Bull Scene i Bergen til randen i ei heidundrande bursdagsfeiring. The Promise gjentok suksessen på 71-årsdagen i 2020, på tross av at eit visst virus gjorde kraftige forsøk på å stikke kjeppar i hjula.
No har The Promise bestemt seg for å feire Bruce sin 72-årsdag med ein liten turnè, for er det noko vi treng no, så er det ei skikkeleg feiring. Bandet lovar eit solid utvalg frå den utømmelege låtkatalogen, levert med den ærbødighet, musikalitet og ikkje minst energien musikken fortener.

The Promise består kanskje ikkje av profilerte musikarar, kjendisfaktoren er eigentleg ganske lav. Halvparten av bandet er frå trivselsfylket, og evnene, kjærleiken til låtkatalogen og energien i bandet, den er høg! Hiv deg i bil, buss, sykkel eller ta beina fatt og få deg ein aften i Bruce Springsteen sin verden.
Vi kan garantere at du ikkje vil gå skuffa heim frå Larris Scene denne  laurdagskvelden i september.

«The Promise – a tribute to Springsteen» er:
Inge Villy Hauge - vokal og gitar
Ståle Søndrål Wick - gitar og vokal
Ole Rasmus Hjelle - gitar og vokal
Jarle Grotle - piano og vokal
Henning Reinton - orgel
Kjetil Solberg - bass
Anders Vengen Jensen - trommer
Phil Thomas - saksofon
Einar Rune Haugnes - barytonsaksofon
Jan Erik Reknes                - trompet

Restriksjoner

Aldersgrense 20 år