Song i Fjordane og Constanse Herland syng blues med Blå Resept.

EVENT INFORMATION

- DØRENE ÅPNAR KL. 19:30
- BILL. FORSALG KR. 199,-
- BILL, I DØRA KR. 249,-
- ID 20 ÅR

Program:
- Kl. 20:00 Konsert med vokalgruppa «Song i Fjordane»
- Kl. 21:00 Blueskveld med «Blå Resept», vokalist: Constance Herland og «Song i Fjordane»
- I pausene spelar vår hus DJ.

Song i Fjordane
Vokalgruppa Song i Fjordane har medlemer med bakgrunn frå ulike kor som Skruk, Førde
kammerkor, Surround, Kor Førde og Kvitre. Repertoaret har stor breidde, men tenderer mot lettare
jazz og a capella. På denne konserten vil også Blå resept bli ein del av lydbildet på enkelte melodiar.

Gruppa har denne besetninga:
Julie Daling, alt
Lene Loftnes, alt
Grete Marøy Sellevoll, alt
Torunn Høstaker, sporan
Helga Lied Wyrtz, sopran
Kari Espeseth Bengtsson, sopran
Rune Tufteland, tenor
Arne Håberg, tenor
Øyvind Høstaker, tenor
Odd Arne Standal, bass
Eirik Dahl, bass

Fjordakvinner syng Blues med Blå Resept
Bluesbandet Blå Resept blei starta som trio i 2018 av Tor Erik Vårdal, Dimiter Stoianov og
JohanBengtsson . Trion laga konseptet Fjordakvinner syng blues med Blå Resept i 2019. I konseptet
har vi valgt ut bluesbasert musikk som blei gjort kjent av kvinnelege solistar frå 1950-åra og fram til
vår tid. Nokon av solistane i orginalversjonane til musikken vi spelar er Etta James, Koko Tyler, Aretha
Franklin og Beth Hart. Fjordakvinner syng blues med blå resept har spelt på Gig-festivalen, Larris og
Kulturnatta, Førdehuset. Konseptet har hatt tre eigne konsertar med utsolgte hus på Hjarterommet,
Mjølkerampen og Sande Kro. Vi spelar saman med vokalgruppa Song i Fjordane på Sunnfjordslepp 7.
september Til konserten på Larris har vi knytta Constanse Herland, vokal og Ronald Muri, keyboard.

Her er Blå Resept:
Constanse Herland, vokal
Tor Erik Vårdal, gitar
Ronald Muri, tangentar
Johan Bengtsson, bass
Dimiter Stoianov, slagverk

Velkommen på ein triveleg konsert og bluesaften med lokale musikarar!

konsert
dans
fest

Restrictions

Aldersgrense 20 år